Det er to fine herrer som gjør fine ting.

Frode Larsen, Klassisk Vorspiel, NRK P2

 

Aasmund Nordstoga (sang), Åsmund Reistad (gitar/sang).

På scena er duoen noko for seg sjølv. Med lun formidling, varm humor og masse speleglede har dei framført viser og folketonar av ulikt slag - vakre, morosame, stillferdige og fengande. Dei kan sjå attende på tallause speleoppdrag i kulturhus, kyrkjer og på konferansemiddagar, på fjellgardar, bygdetun og til og med intimkonsertar heime hjå folk. Over alt der dei ferdast set dei sine spor. Dei er ei musikalsk lukkepille. 

I 2023 gav dei ut albumet “Tom Duley og andre viser”, som er fyrste duoplata deira. Der finn ein songar henta frå viseboka med same namn, som Hartvig Kiran gav ut i 1962. Publikum får høyre gamle nordamerikanske viser i Kirans nynorske omsetjing, i Nordstoga og Reistads doggfriske versjonar. Dette er viser som vart mykje brukt på 70-talet av artistar som Lillebjørn Nilsen, Kari Svendsen, Jørn Simen Øverli, Ivar Medaas og Lars Klevstrand. Nordstoga og Reistad har fått strålande mottaking for albumet og for lanseringsturneen.

“…Aasmund Nordstoga er ein framifrå tekstformidlar” 

“Dette er ein heilskap der Åsmund Reistads enkle, men smakfulle arrangement lyfter det heile opp på eit høgare nivå”

Sigbjørn Apeland, Dag og tid

English summary:

Aasmund Nordstoga and Åsmund Reistad are among the most distinctive artists in Norwegian folk music. They have played together for 25 years in different ensembles and constellations. Although they have a long history together, it was not until recently they released their first duo album. It´s called “Tom Duley og andre viser” and consists of old American folk songs, translated to Norwegian. The duo has made modern versions with a personal touch of songs that are both happy, funny and groovy, but also thoughtful and wistful. Nordstoga is one of Norway’s best singers in his genre, and Reistad has developed his own style, making him one the most exciting guitarists in the country. They have a big and growing fan base, and their concerts are an example of great musical excess.

PRESSEBILDER TIL NEDLASTNING